Har ikkje tid til det.

Den vanlige unnskyldningen,  eller grunnen til at middagen  blir «lettvint» eller grei nok. Til at trening hender ein gong i skuddåret og me ikkje heit får gjort det me tenkte.

Har ikkje tid…

Tida er der, men kanskje ikkje når du føler at du treng  den.

Finn tida og gjer det når du kan.

For meg er søndag ein sånn dag. Der eg lagar et par middagar kanskje, og litt lunsj til 2-3 dagar ut i veka.

Det er litt jobb, tar ett par timar. Men 100% verdt det. For då veit eg at eg kan hjelpe med lekser, avverge slåsskamp og smile og puste litt i den kritiske halvtimen før middag.

Tdd er både veldig konkret og abstrakt. Og følelsen av liten tid kan være veldig sterk, sjølv når tida er der. Sjølv dei dagane eg er heime rundt lunsjtid, føles det ikkje som eg har tid til å lage mat. Fordi det er anna som føles meir viktig. Så ferdig lunsj handlar ikkje alltid om tid, men at eg etter kvart kjenner meg og mine mønster for prioritering. Så eg kan jobbe med dei i staden for å kjempe mot.

Kor ligg dine vanar og din følelse av tid? Korleis kan du jobbe med dei i staden for mot?

Og til slutt. Hender dette kvar søndag?  Nei. Og det e heilt greit. Men ingen tvil om at mandagen er best om noko er klart.

God søndagskveld.